Fusion
Fusion, av mange kjent som jazzrock, vart utvikla på slutten av 60-talet. Miles Davis, som var med på å utvikle fleire retningar i jazzen, ga ut albuma ”In a silent way” og ”Bitches brew” i henholdsvis 1969 og 1970. Desse albuma blir av mange rekna som dei første fusion-innspelingane. Det må nemnas at Både ”blood, sweat and tears”, ”chicago”, James Brown og Jimi Hendrix brukte jazzelementer, som blåserekker etc., i musikken sin, men dette blir i dag, sjølv om ordet fusion og vart brukt i samanheng med desse banda, meir sett på som ei vidareutvikling av rythm and blues og soul. På desse albuma tok Davis i bruk elektriske instrumenter og fleire musikalske verkemiddel frå rock, funk og soul. I tillegg til dette spelte han musikken inn i eit studio, noko som i jazzsamanheng var relativt uvanleg tidlegare. Miles Davis var viktig for fusion på meir enn ein måte. Dei fleste kjente fusionbanda som vaks fram på 70-talet var starta av, eller med, musikarar som spelte med Davis på ”In a silent way” og ”Bitches brew”. Blant desse er gitaristen John Mclaughlin med sitt ”Mahavishnu orchestra”, Joe Zawinul og Wayne Shorter med ”Wheater Report”, Chick Corea med ”return to forever” og Herbie hancock med Headhunters band.
Ekko 2 nemner fleire musikalske stilgrep frå jazz og rock det er vanleg å finne i fusion-musikken. Frå jazzen legg ein vekt på harmonikk, improvisasjon og virtuositet, mens ein hentar elektriske instrumentar, rytmikk og sound frå rocken. Det vart vanlegare å bruke sopransaksofon i staden for altsax og tenor i musikken. Ein trengte no eit lysare instrument for å trenge gjennom lyden av dei nye elektriske instrumenta.Jazzmusikarane begynte no å spele inn platene sine i studio, i staden for å bruke liveopptak, som tidlegare hadde vore det mest vanlege. Både ”In a silent way” og ”Bitches brew” vart spelt inn i studio. Dei vart og klippa og modifisert i etterkant av innspelingane, noko som var uvanleg. Det er viktig å få med seg at fusion, som betyr samansmelting, ikkje nødvendigvis handlar om ei samanslåing av jazz og rock. Andre stilartar vart og blanda inn. Av dei kan ein blant anna nemne indisk, arabisk, latin, country og klassisk. ”Mahavishnu orchestra” brukte blant anna mykje indisk musikk. Musikken vart òg mykje meir riffbasert. Rytmeseksjonen fekk ei heilt ny rolle i orkesteret. Om ein høyrer på ”Chameleon” av Herbie Hancock, speler bassen eit fengande bassriff med tydeleg slektskap i funk, ein sjanger Hancock brukte mykje i sin musikk.
Då fusion vaks fram vart Miles Davis, og andre fusionmusikarar, beskyldt for å kommersialisere jazzen i eit forsøk på å nå det store rockepublikumet. Noko som er litt ironisk med tanke på at det var i hovudsak jazzpublikumet som sørga for dei gode salgstala til ”Bitches brew”, som etter ”Kind of blue” er Miles Davis mest solgte album. I tillegg til dette klarte fusion-sjangeren å gjere jazz til ein del av populærmusikken igjen, noko som ikkje hadde vore tilfellet sidan 30-talet. Hippiebevegelsen tok sers godt imot albumet ”in a silent way” av Miles Davis, og såg på det som den ideelle musikken å dope seg til. Dette albumet vart sjangerdefinerande for såkalla ambient music.
Om ein høyrer på ”Meeting of the spirits”, henta frå ”Inner mounting flame”, debutalbumet til ”Mahavishnu orchestra”, ser ein at musikken inneheld om lag alle dei musikalske verkemedla nevnt ovanfor. Elektriske instrumenter, improvisasjon, virtuositet og innfløkt harmonikk. I tillegg har musikken eit fokus på rytme.
Lytteguide, Meeting of the spirits
0.00 - Intro. Trommesolo.
0.40 - Vers. musikken får fast puls.
1.03 – Fiolinen kjem inn.
1.26 – fiolin og gitar speler hovudtema.
1.40 – gitarsolo
2.42 - hovudtema
3.10 – ”refreng” . Nytt tema. Ned i tempo.
3.36 – Tilbake til verset. Keyboardsolo. Fiolon og gitar unisont i bakgrunnen.
5.06 - hovudtema
5.34 – refr.
6.01 – Vers. Fiolinsolo
6.42 – musikken fader ut