Arne sin blog

Nettavis i !sta: Røysta

Hei, her kjem litt bakgrunnsstoff om nettavisa "Røsyta". Tidleg hausten 2008 blei vi samde om å lage nettavis i klasse 1sta, og etter haustferien starta vi. Ei lita gruppe dro til Haugesunds avis og fekk info om nettavisa deira. Etter at vi hadde funne fram til plattforma wordpress, gjekk vi igong. No er avisa eit par veker gamal, og alle kan gå inn og sjå. Det finst ein lenk på Skeisvangsida. 

Dette prosjektet har vore svært positivt. Etter å ha introdusert ideen om ei nettavis, blei klassen så gira at dei fleire gonger spurte kva tid vi skulle begynne. Når vi så hadde starta, blei oppgåva mi å kaste inn nye moment i ein læringssituasjon. Det første klassen måtte lære var å ikkje stele nyhende, men heller produsere sjølve eller referere frå andre kjelder. Deretter handla det om å vere varsam med publisering av bilde av medelevar eller stoff som kunne vere støytande. Dei hadde tankar om å skaffe seg annonsørar, og da blei dei fort samde om å drive sjølvsensur. Andre moment som ein måtte tenke på var organisering av stoffet og kvalitetssikring. Her laga klassen ordningar sjølve. Etter at hovudprosjektet var over, gjekk vi over til at alle skal ha minst eitt nytt innslag i avisa i veka. (Så får vi sjå kor lenge dei klarer å halde avisa levande.)

0 comments